Skip to content
You are here: Framsida Sesongen Kampreferat Tambarskjelvar - Tempo 3-1
Tambarskjelvar - Tempo 3-1 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Espen Langedal   
tysdag 22. juni 2010 22:27

Poenga blei igjen i Naustdal i siste kamp før sommarpausen i 6. divisjon avdeling 2 då Tambarskjelvar og Tempo møttest til dyst på Naustdal Stadion tirsdag 22. juni. I ein kamp som hadde alt...

Det byrja så bra då vi allereie etter fem minutt gjekk opp i leiinga på eit hjørnespark som Henrik Aase slo inn mot første stolpe. Der er Tomas Andal først på ballen og gir oss 1-0!

Etter ti spelte minutt får Stian eit innlegg på høgrekanten blokkert, men Henrik Aase headar returen inn i boksen. Vegard tar sats og brassar ballen like over! Tempo heng ikkje med i det heileteke innleiingsvis.

Kvarteret har gått, og Jonas blir spela åleine igjennom. Diverre for oss set han ballen til side for mål.

Ein av dei særs umodne midtstopparane til Tempo, riktignok i tredveåra, får gult kort etter halvtimen for å kalle Vegard for ein liten fis. Tongue out

Vegard blir lagt i bakken i det kampuret viser 35 minutt etter at han rundlurer midtstopparane til Tempo, og vi får eit korrekt idømt straffespark. Jonas stig fram og sett ballen utagbart til høgre for keeper. Stillinga er 2-0, og Olav har knapt vore borti ballen.

Tre minutt før pause vinn Øren ballen sentralt i bana. Han dyttar den vidare til Vegard som deljar til frå nesten 30 meter. Ballen duppar ned i venstre kryss etter ein herleg boge med utoverskru. Screamer av dei sjeldne. 3-0. 

Joar spelar Jonas fri med ein herleg stikkar, men også denne gang set Jonas ballen til side for mål. Avslutninga blir noko krampeaktig med høgrefoten, men løpet er herleg.

Vi går til pause med ei komfortabel tremålsleiing der Tempo ikkje har produsert noko som helst. Backrekka og Øren ryddar unna dei få halvhjarta framspela som kjem frå dei kvitkledde. Medan vi konverserer konstruktivt i pausen høyrer vi høglydt krangel frå nabobenken.

Ole Bertil er nærme scoring då han set ein retur frå eit hjørnespark like utanfor i det 48. miuntt.

Henrik Hunders blir snytt for ei soleklar straffe då han lurer Tempo-kapteinen twice inne i feltet til tross for at han blir heldt så til dei grader i drakta. Keeper får ei hand på ballen, og fistar den til hjørnespark.

I det 65. minutt får Tempo sin første store sjanse i kampen. Olav er med på notane med ei god redning.

Fire minutt seinare glipp det i forsvaret. Ein Tempo-spelar får avslutta frå kort hald, men Olav får slått ballen til sida. Vi er altfor sirumpa på returen som blir plukka opp av venstrevingen til Tempo som enkelt reduserer til 3-1.

På slutten skjer det mykje. Tempospelarane har kanskje følgt vel mykje med på VM, og overdramatiserar kvar ein duell, noko som resulterer i at Vegard blir utvist ti minutt før slutt i duell med Tempo-kapteinen som fell lett. Han ropar og skrik om at han ikkje gidd meir, og går mot sidelinja. Vegard får sitt andre gule og må forlate bana.

Eit barnsleg Tempo-lag vart sendt heim i skam. La oss håpe at dette ikkje gjentek seg. Elles ønskjer vi dei lukke til med resten av sesongen.

God sommarferie til alle gule og svarte.

Dette var kanskje Thomas Øren, Kristoffer Fauske Helgås og Kristoffer Slettehaug sin siste kamp for Tambarskjelvar i 2010. Vi takkar dei alle for ein formidabel innsats, og ønskjer dei lukke til vidare med skoleval og førstegangsteneste. Når dei ein dag vender nasen tilbake til Sunnfjord vil Tambar-døra stå på gløtt.

Frå start (4-1-3-2): Olav - Henrik Aase, Fauske, Joar, Villy - Øren - Stian, Tefari, Andal - Iben, Vegard

Kom inn: Henrik Hunders, Ole-B, Slettehaug, Jonas og Torgeir 

Gule kort: Stian, Andal, Vegard (2)

Raude kort: Vegard 

Målscorarar:
1-0 Tomas Bambi (5)
2-0 Jonas (35)
3-0 Vegard (42)
3-1 Tempo (59) 

Sist oppdatert tysdag 22. juni 2010 22:37
 

Avstemming

Kva abonnement nyttar du for å sjå Premier League?
 

Sponsorar

Banner

TRENINGSTIDER AUGUST

Søndag 15.08
Kl 20:00 - 21:30 

Onsdag 18.08
Kl 20:00 - 21:30 AVLYST

Søndag 22.08
Kl 20:00 - 21:30 

Søndag 29.08
Kl 20:00 - 21:30 

FØRRE KAMP

Gaular 2 - Tambar 0-2

17. august

Naustdal Stadion

NESTE KAMP

Hyllestad

31. august

Kl 19:00

Hyllestad betong