Skip to content
You are here: Framsida Sesongen Kampreferat Tambarskjelvar - Gaular 2 8-1
Tambarskjelvar - Gaular 2 8-1 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Espen Langedal   
tysdag 11. mai 2010 23:27

Komfortabel 8-1 siger i årets første heimekamp. Gaular 2 måtte retunerne med sjumålstap på Naustdal Stadion 


Årets første heimekamp endte med ein velfortent sjumålssiger til dei gule og svarte. Kampen kan samanliknast med spenningskurva i eit eventyr. Starten er jævlig treig. Etter litt opplever hovudpersonen, i dette tilfellet Tambarskjelvar, sin første opptur før han seinare får seg ein kalddusj, men sjølvsagt ender vi opp med prinsessa og halve kongeriket.

Som i dei fleste kampane så langt i år, startar vi litt rufsete og produserer lite i starten. Pasningane blir litt for lause, mottaka litt for harde, løpa kjem for tidleg slik at vi blir sett i offside, og andre gonger så kjem ikkje løpa i det heile.

Etter kvert får vi festa eit betre grep på Gaular 2. Etter femten minutt sett Olav hurtig i gang med eit langt utspel i retning Vegard. Han dreg seg laus frå oppfølgjarane sine og sender oss opp i leiinga. 1-0!

Det går ikkje mange minuttane før raudtrøyene utliknar på eit innlegg frå vår venstreside. Raudtrøyene rullar opp eit angrep på vår venstreside, der backen deira doblar på kant og kjem til innlegg som ein eller annan Jørgen får styre upressa opp i Olav sitt venstre hjørne. 1-1.

gaularduell

Tambarskjelvar var godt organiserte defensivt.
Foto: Frank Cirotzki @ tambar-fotball.com 

I dei påfølgjande minutta bølgar spelet begge vegar. Vi er frampå med eit par halvsjansar og blir avblåst for offside jamt og trutt(!). Olav glimtar til med ei sterk reaksjonsredning etter at forsvaret nok ein gong er åndsfråverande framfor eige mål.

Vi føretek eit dobbeltbyte på topp der Iben og Bambi Andal kjem inn for Jonas og Stian. Dobbeltbyte på topp har vi gjort tidlegare i vinter, noko som har vist seg å piffe opp stemninga litt.

Bambi, som etter kvart skal vise seg å vere supersuben vår, sørgjer for at vi på ny går opp i leiinga då han fem minutt før pause. I oppbygginga til angrepet er det Espen som vinn ballen utanfor eigen sekstenmeter, trer igjennom til Henrik som vender opp og spelar ballen i bakrommet til Gaular 2, der Vegard snappar opp ballen og avanserer mot dødlinja før han spelar ballen på tvers gjennom gaularfeltet der Bambi scorar på blank kasse. 2-1, eit resultat som står seg til pause.

Tidar ebbar ut, og dommaren bles av for pause. I kvilen klarar vi opp i eit par interne konfliktar som hadde utvikla seg under dei første førtifem minutta, og som hadde prega spelet vårt. Vi går ikkje i detalj på kva som hendte, då dei involverte veit kva det gjeld. Uansett, tilgjeving og shake hands blei gjort, og vi vart einige om å starte med "blanke ark" i andre omgang. No hadde vi føresetnadane for å halde fram med å bøtte inn mål mot Gaular 2, som vi hadde gjort i to føregåande treningskampar mot dei tidlegare i vinter. Spelarane vart minna på at sist vi slo dei 10-1 var også stillinga til pause beskjedne 2-1...

Frå start i andreomgang kjem Fauske inn som midtstoppar for Villy som tek seg ei lita pause. 

Som så mange gonger tidlegare i år, startar vi med høgt tempo og tidvis godt pasningsspel som igjen fører til at det blir einvegskøyring mot den stakkars gaularmålvakten som i dei neste tre kvartera skal få mykje å bryne seg på.

Fem minutt ut i omgangen får vi frispark i farleg posisjon, berre nokre meter utanfor sekstenmeteren etter at Stian tråklar seg forbi to raudtrøyer, før tredjemann finn ut at her må ein gå hardare til verks, og meier ned Stian. Bambi stiller seg opp og bankar ballen utagbart oppe i keeper sitt høgre hjørne. 3-1!

tomashattrick

Bambi vart ein ekte hat-trick hero i dag!
Foto: Frank Cirotzki @ tambar-fotball.com

Vi held fram med å presse Gaular 2, og etter nye fem minutt vert Bambi ekte hat-trick hero. Han mottek ballen på venstresida, dreg seg innover i bana og plasserer ballen frekt med innsida av foten opp i lengste hjørnet. 4-1.

Vegard tek seg ein kvil etter at alle dommaravjerdsler går imot han, og forståeleg nok vert han frustrert, men gir kanskje uttrykk for det 

Etter ei kontring kombinerer Henrik og Stian fint på høgresida. Stian blir spela fri på kanten av sesktenmeteren. Med ei dårleg førsteberøring blir han dradd utover mot sidelinja. Han kjempar seg mot dødlinja, og får slått ballen femogførti ut på femmeteren der ein gaularspelar får tåa på ballen før Tefari frå skrått holdt på ti meter plasserer ballen trygt i det meir eller mindre opne buret. Thomas Russom Tefari si første scoring for Tambarskjelvar! Han vert omfavna, applaudert og gratulert med scoringa si. 5-1! Vi har lyst på meir!

tefarigoller

Sletthaug, Øren, Steffen og Bambi gratulerer Tefari med si første scoring i gult og svart.
Foto: Frank Cirotzki @ tambar-fotball.com

Ein taus Vegard entrar bana igjen, og det går ikkje mange minuttane før han kombinerar fint med Henrik ute på høgresida. Henrik spelar ballen til Vegard som hælar tilbake til Henrik. Sistnevnte dreg seg forbi backen og legg inn att til Vegard som set ballen i mål. 6-1! Herleg angrep!

Vegardoghenrik

Sjå kor glade gutane er. Vegard og Henrik har nettopp gjeve oss alle ein leksjon i Barca-fotball.
Foto: Frank Cirotzki @ tambar-fotball.com

Kort tid etter er Vegard på ny frampå der han blir spela igjennom og tek seg god tid åleine med keeper før han audmjukar sisteskansen med ein frekk lobb. Vegard sitt tredje for kvelden, Tambarskjelvar sitt sjuande.

Minuttar før slutt får vi eit innkast frå høgre. Stian kastar ballen til Henrik som med to mann i ryggen legg igjen til Stian som legg inn på direkten. Keeper er først på ballen, men gjer ein kjempebrølar, og på flottaste fingerslagvis slår han ballen i ein boge mot Villy som frå halvannan meter nikkar ballen opp i nettataket, og fastset sluttresultatet til 8-1.

Spelarevaluering

Frå starta byrja vi med Espen og Slettehaug som sidebackar, Ole-B og Villy som stopparpar. Noko dei to sistnevnde ikkje tykte særleg om. Etter utlikninga byter Espen og Ole-B posisjon, og vi får med ein gong ei meir stabil backrekke med spelarar i vande posisjonar.

Slettehaug doblar på kant fleire gonger, og har mange gode offensive løp som skaper uønskte situasjonar for høgresida til gaularværingane. Fauske kjem inn og spelar ein solid andreomgang.

Ole-Bertil som i store delar av kampen er å finne ytst til høgre vinn mange duellar, er flink til å bryte framfor vingen sin og er flink til å setje i gang kontringar ved fleire høve.

Villy startar som stoppar, men får spele yndlingsrolla si som venstreback i andreomgang. Scorar det viktige 8-1 målet fem minutt før slutt og punkterer kampen.Yell

Midtbanetrioen med Øren, Tefari og Henrik legg ned mykje meir arbeid enn kva som var tilfelle i Florø for ei veke sidan, der det vart for stor avstand mellom desse tre noko som førte til at dei heile tida kom på etterskot, og lot florøværingane styre spelet sitt akkurat slik dei ønskte. Men i dagens kamp fekk pipa ein annan lyd!

Henrik slår fleire genierklærte pasningar, og legg ned mange kilometer med hard jobbing. Tek ansvar og gjev Joar beskjed om at det kanskje er på tide å byte ut Vegard før vi blir redusert til ti mann! Sealed

Øren gjer førstelagsspissen, som i dag tenestegjer for andrelaget, til Gaular dårleg ved å heile tida setje han under press. Som vanleg vinn han flest duellar av samtlege på bana. Han gjer den drittjobben som vi forventar av han! Laughing 

Tefari er som vanleg sikker med ballen i beina, vender av mann etter mann, og spelar fotball the Arsenal way. Har kanskje flest ballberøringar i løpet av ein kamp, men er også den som har færrast ballmiss. Det vansklegaste i fotball er å gjere ting enkelt, men ikkje for Tefari. Toppar det heile med ei fin scoring!

Jonas startar som venstre spiss, men er diverre på bana i periodar der spelet vårt er mindre bra.Svinger inn eit par gode hjørnespark, deriblant eitt der Stian er treogeinhalv millimeter for kort til å sende oss opp i føringa etter fem minutt. Går på mange gode løp, men får sjeldan ballen. Tenk om...!

Tomas gjer ein kjempekamp.com. Man of the match.

joartomas

Joar tek ikkje av seg hatten for Tomas, men veit likevel å verdsette innsatsen hans.
Foto: Frank Cirotzki @ tambar-fotball.com

Stian får sin første kamp som høgre spiss og er involvert i fleire av scoringane våre. Gjer ein god kamp med store smerter i låret etter ei klumsete arbeidsulukke i Hyen tidlegare på dagen!

Vegard produserer shitloads med sjansar! Sjølv om det "berre" blei tre mål i dag, er Vegard involvert i det meste av det som skjer offensivt så lenge han var på bana. Tydeleg var det også å sjå at han var misfornøgd med eigen innsats.

Det blei ikkje mykje speletid på Iben i dag, men han jobbar godt i den tida han er på bana. Den tidlegare målgarantisten på aldersbestemte Tambar-lag har så langt i år vist seg som ein langt tøffare og meir hardtarbeidande kantspelar som tek ansvar defensivt. Dette er det ikkje akkurat overflod av i Tambarskjelvar!  Smile

Steffen kjem inn for Vegard, og står for mange ballvinningar høgt i bana. Kombinerer fint med Villy ved fleire høve på venstresida.

Frå start (4-3-3): Olav - Espen, Slettehaug, Villy, Ole-B - Øren, Henrik, Tefari - Jonas, Stian, Vegard

Kom inn: Iben, Fauske, Steffen, Bambi

Gult kort: Vegard

Målscorarar:
1-0 Vegard (15 min)
1-1 Jørgen Fauske Lysholt (20 min)
2-1 Bambi (40 min)
3-1 Bambi (50 min)
4-1 Bambi (55 min)
5-1 Tefari (65 min)
6-1 Vegard (75 min)
7-1 Vegard (80 min)
8-1 Villy (85 min) 

Sist oppdatert torsdag 13. mai 2010 12:59
 

Avstemming

Kva abonnement nyttar du for å sjå Premier League?
 

Sponsorar

Banner

TRENINGSTIDER AUGUST

Søndag 15.08
Kl 20:00 - 21:30 

Onsdag 18.08
Kl 20:00 - 21:30 AVLYST

Søndag 22.08
Kl 20:00 - 21:30 

Søndag 29.08
Kl 20:00 - 21:30 

FØRRE KAMP

Gaular 2 - Tambar 0-2

17. august

Naustdal Stadion

NESTE KAMP

Hyllestad

31. august

Kl 19:00

Hyllestad betong