| Gaular 2 - Tambarskjelvar 1-11 |
|
|
|
| Skrive av Espen Langedal |
| måndag 05. april 2010 19:03 |
|
Målkalas på Sande. Den siste raude kalenderdagen i påska skulle vise seg å verte ein god dag for Tambarskjelvar IL - Fotball Senior Herrar. Men vi har vel aldri vore i tvil. I påska er det berre éin ting som gjeld, og det er gult og svart! 16-2 i målskilnad på to kampar er betre enn påskekrim og Kvikk Lunsj. I garderoben før kamp blei vi samde om at denne kampen skulle vi styre ifrå første spark på ballen. Spelarane tok Joar og meg på ordet. Det skulle nemleg ikkje gå meir enn to minutt før Tomas spelar fri Vegard som enkelt lobba ballen over keeper. Vi er i føringa! Vegard trykker på repeat, kjem aleine igjennom endå ein gang. Stillinga er 0-2, og kampen er fire minutt gammal! Vegard fekk beskjed om å trøkke til frå start, då han berre skulle få dei første femten minutta av førsteomgang. "Men det er greit, det, Espen. Då berre putter eg to-tre før det." Word! Etter våre to tidlige scoringar dabbar det av litt, og vi gjer det vanskeleg for oss sjølve. Gaular 2 kjem meir og meir med i kampen. Vi taper første- og andreballar. Forsvaret er frykteleg ustrukturert og like holete som tunnelen over Heia! Før kvarteret er gått, har Gaular 2 redusert til 1-2. Jonas kjem inn for Vegard. Det neste kvarteret er ganske keisamt. Vi produserer eit par halvsjansar og spelar oss fint rundt på kantane, men det blir ikkje noko særleg meir enn det før det på ny er Tambar-time! Jonas drar seg fri på venstrekanten og slår (i følgje Tomas Bambi Andal) ein nydeleg crossar som Tomas sett i mål på heil volley. Igjen leiar vi kampen med to mål. Godt angrep, og ei frekk avslutning. Kort tid etter vinn Stian eit svakt utspel frå Dolly-Antonio i Gaular-målet. Stian spelar ballen til Jonas som dreg seg fri frå ein forsvarar, skyt i steget, og ballen går hardt og utagbart i det lengste hjørnet. Desibelnivået på tambarbenken er faretruande høgt! Kampen er no ein halvtime gammal. Gunnstein, Bjørn Øyvind, Henrik Hunders og Steffen er alle komne inn. Øren, Villy, Henrik Aase og Iben tek seg ein velfortent kvil. Steffen har berre vore på bana i eit par minutt før Henrik Aase slår ein lang ball i bakrom til Steffen som er på løp. Han finter ut keeper og sett ballen i det opne målet. 1-5, og ny superperiode for Tambarskjelvar. Steffen si første scoring på seniornivå! Same kar er frampå i neste angrep. Dreg seg fri frå oppassaren sin på høgrekanten, er aleine igjennom, men spelar på uegoistisk vis ballen vidare til Henrik Hundershagen som på klumsete vis får fomla ballen forbi Gaulars sisteskanse. Særleg meir skjer ikkje før pause. Vi ser oss fornøgde med ei komfortabel 6-1-leiing til pause tross ei noko nonchelant backrekke, og ein spreidd midtbanetrear som gjer det tidvis vanskleg for kvarandre. I pausen vert dette teke opp, spelarane tek det innover seg, og dei siste 45 minutta held vi eit høgare nivå enn kva som var tilfelle dei første 45. Vi kan ikkje kome forutan at Henrik Hunders er det store mobbeofferet i pausen etter den sensasjonelle scoringa hans som eigentleg ikkje kan skildrast med ord! Den må opplevast! Andreomgang byrja slik den første slutta; Tambar pressar på og kjem til sjanse etter sjanse. Det gir til slutt uttelling, og Vegard puttar sitt tredje. Tambarskjelvar er representert ved Vegard i neste angrep der Vegard utfordrar på kant, og prøver å kome til innlegg. Ballen går via handa til ei raudtrøye og i mål. Vegard sitt fjerde, eller sjølvmål? Vegard sitt! Gaular 2 er rimeleg sjanselause no. Vi spelar periodevis meget god og underhaldande angrepsfotball. Men vi må ikkje kome forutan Gaular sin største sjane i andreomgang, eit skot som går via stolpen og ut. Vegard viser minuttar seinare korleis det skal gjerast då han ladar kanona frå 25 meters hald og dundrar ballen høgt, hardt og godt plassert bak keeper som er sjanselaus. Så skjer det to sensasjonar i éin og same sjanse for Tambarskjelvar. Vi får ein corner frå venstre som ser farleg ut. Det luktar mål!(1) Keeper boksar ballen på tåspissen til Øren som tuppar inn(2) Tambar si tiande scoring for dagen. Vi har dermed brote ein barriere. Tambarskjelvar IL - Fotball Senior Herrar scorar på ein corner! Tambarbenken bryt lydmuren. *1 vi scorar på corner og *2 det er Øren som scorer! Etter ei konstant grining frå Bjørn Øyvind om å få fem minutt på slutten som spiss, forlet Vegard bana til fordel for førstnemde. Fauske bryt eit angrep, sender ein stikkar til Bambi Andal som drar seg forbi på høgrekanten. På løp i feltet har han med seg Bjørn Øyvind og Henrik Hunders som begge kviner etter ballen! Bjørn Øyvind er ferdig med stemmeskifte, er grovast i målet, får pasningen frå Bambi. Bjørn Øyvind viser seg tilliten verdig og *kremt* punkterer kampen med si 1-11 scoring. Han jublar scoringa med å stupe kråke(!) noko vi heldigvis fekk knipsa eit bilete av.
Bilete frå kampen ser du ved å trykke her.
Vi takkar Gaular 2 og den 67 år gamle sporty pipeblåsaren, Rolf Sande, for kampen.
Målscorarar: Vegard (5), Tomas Bambi, Jonas, Steffen, Henrik Hunders Øren, Bjørn Øyvind Frå start (4-3-3): Olav - Villy, Ole-B, Fauske, Slettehaug - Øren, Stian, Henrik - Vegard, Iben, Bambi Kom inn: Jonas, Henrik Hunders, Steffen, Gunnstein, Bjørn Øyvind Ikkje spelarberettiga: Familien Øren, far til Jonas og Charlotte. |
| Sist oppdatert onsdag 07. april 2010 07:58 |
Søndag 15.08
Kl 20:00 - 21:30
Onsdag 18.08
Kl 20:00 - 21:30 AVLYST
Søndag 22.08
Kl 20:00 - 21:30
Søndag 29.08
Kl 20:00 - 21:30
17. august
Naustdal Stadion
31. august
Kl 19:00
Hyllestad betong