|
Gaular 2
Gaular 2 har ein relativt ny tropp i forhold til dei to føregåande sesongane. Dei har ein relativt ung og enno ustrukturert tropp. Dermed har vi valt å tippe Gaular 2 på 7. plass i årets 6. divisjon avedling 2.
Gaular 2 har kanskje vore ein av dei flittigaste klubbane i heile Noreg på overgangsmarkanden i forkant av 2010-sesongen. Det har kome inn sju nye spelarar utanfrå, i tillegg til seks afghanarar som dei har henta frå Bergum Mottakssenter. Det er berre stubbar som står att ifrå fjorårets Gaular 2-lag.
A-laget til Gaular har som kjend tatt steget opp i 4. divisjon etter å ha vorte klar puljevinnar av 5. divisjon avdeling 2 i 2009-sesongen. Vi var i same divisjon som A-laget i fjor, og spela to jamne kampar mot gaularværingane som begge endte med knepne eittmålstap.
I utgangspunktet skulle Gaular 2 vere eit rekruttlag som skulle gi dei beste gutespelarane i Gaular eit tilbod på seniornivå, supplert av spelarane som låg i vasskorpa til ein startellevar for A-laget.
No har dei gått bort ifrå dette fordi Gaular 2 har kamp på tirsdagar, og gutelaget på onsdagar. Dermed reknar vi med at årets Gaular 2 blir prestasjonsmessig eit lag tilsvarande det vi har sett dei to føregåande sesongane.
Troppen til Gaulars nest beste er på heile 25 spelarar, i tillegg til 20 spelarar på A-laget. Snakk om luksusproblem! Tidlegare i vinter har dei slite med å finne ein solid sisteskanse som skal hindre lekkasje. No skal to nye keeperar vere på plass.
Gaular 2 har gjeve uttrykk for at dei i år er med for å vinne kampar. Dei har inga interesse av å reise rundt som i fjor å tape.
Treningstilhøva i Gaular har vore særs dårlege gjennom ein lang og kald vinter. Dei har trena ein del på kunstgrasbana på Haugum, der dei også har plukka opp dei nemnte seks afghanarane. Ein av afghanarane, Mustafa (17), har gode basisferdigheiter, og kan vise seg å bli ein særs god spelar. Ulempa med då å vere eit andrelag er at han truleg blir teken opp til A-laget dersom han glimtar til.
Vårt inntrykk av dette laget er at dei verka utrente og ikkje samspela. I kampane mot oss møtte vi elleve mann med totalt fråverande duellstyrke i alle lagdelar. Dei produserte får sjansar, og prøvde ut tre ulike målvakter. Dei verka også for å ha låg sjølvtillit, men med ein ung tropp trur vi for all del at dei har potensiale til å reise kjerringa dersom laganda og entusiasmen i og rundt laget aukar.
Styrker:
Stort støtteapparat
Stor spelarstall
Tilgang på A-lagsspelarar frå 4. div
Mykje ungdom
Svakheiter:
Svake resultat i treningskampane i vinter
Lite samspelte
Språkbarriere
Treig backrekke
Fråverande duellstyrke
Ingen målgarantist
Ingen fast keeper
Resultat treningskampar:
xx. mars Gaular - Gaular 2 3-4 (8 vs 8 på Haugum Cup finale)
xx. mars Anga - Gaular 2 8-2
05. april Gaular 2 - Tambarskjelvar 1-11
20. april Gaular 2 - Tambarskjelvar 1-10
Trenarteamet:
Terje Nyland (Hovudtrenar)
Dag Tore Skilbrei (Lagleiar)
Magne Dovle (Keepertrenar)
Antonio Flaten (Hjelpetrenar)
Heimearena:
Sande kunstgras
Gaular 2 sitt tabelltips ved Dag Tore Skilbrei:
1. Tambar
2. Anga
3. Gaular 2
4. Hyllestad
5. Tempo
6. Svelgen
7. Florø 2
Gaular 2 har ein relativt ny tropp i forhold til dei to føregåande sesongane. Troppen er relativt ustrukturert med mange nye ansikt. Dermed har vi valt å tippe Gaular 2 på 7. plass i årets 6. divisjon avedling 2.
|