Skip to content
You are here: Framsida
Framsida
Tambarskjelvar - Florø 2 2-2 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Espen Langedal   
onsdag 11. august 2010 19:46
Ein solfylt tirsdag ettermiddag tok vi imot eit godt Florø-lag beståande av fleire spelarar som har vore innom A-laget deira på Jurassic Park. Optimismen i Tambar-garderoben nådde nye høgder før kamp. På papiret hadde dei eit mykje betre lag til denne kampen enn det som vi tapte 1-7 for i Florø i vår. Henrik Aase sa at alt anna enn 0-10 ville vere ei positiv overrasking.
Med brørne Hammarset på topp skulle det ta om lag fem minutt før dei skapte baluba i backrekka til bygutane. Kristoffer og Stian kombinerar fint på høgresida. Plutseleg står Kristoffer med ballen i beina på femmeteren. Imot han kjem ein utrusande florøkeeper. Kristoffer får avslutta, men keeper gir retur, og i kampen om ballen igjen vert KrisHam hindra på ulovleg vis og vi får tildelt indirekte frispark frå sju-åtte meter.
Ballen blir trilla ein halvmeter til sides, Stian har allereie lada kanona og angrip ballen med han er god for. Det er aldri nokon tvil om at denne ballen går i mål. 1-0! Fantastisk start.
Frå start (4-1-3-2): Olav - Ole, Villy, Bjørn Øyvind, Slettehaug - Øren - Teferi, Henrik H, Henrik Aa - Stian, KrisHam
Kom inn: Fauske, Roger, Narve, Torgeir

Ein solfylt tirsdag ettermiddag tok vi imot eit godt Florø-lag beståande av fleire spelarar som har vore innom A-laget deira på Jurassic Park.

Sist oppdatert torsdag 12. august 2010 20:33
Les meir…
 
Kamp mot Florø 2 tirsdag 10. august kl 19:00 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Espen Langedal   
måndag 09. august 2010 14:14

Tirsdag 10. august startar haustsesongen.

Vi tek imot Florø 2 heime på Jurassic Park. Kampstart er kl 19:00.

Oppmøte kl 18:00.

 
Treningstider veke 29 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Espen Langedal   
måndag 19. juli 2010 21:29

Onsdag 20:00 - 21:30
Naustdal Stadion

Søndag 19:00 - 20:30
Naustdal Stadion 

Sist oppdatert måndag 19. juli 2010 21:29
Les meir…
 
Vegard og Øren vann gull i Danmark! PDF Skriv ut E-post
Skrive av Espen Langedal   
søndag 18. juli 2010 22:52

Som leigesoldatar for Førde G18 under Dana Cup No. 1 i Fredrikshavn var Vegard Savland og Thomas Storehaug Øren med på å gå heilt til topps. Dette var tredje året på rad at Førde kom til finalen for 91/92-kullet, men første gang dei fekk stå øvst på pallen!

Sist oppdatert søndag 18. juli 2010 22:54
Les meir…
 
Trening torsdag 15. juli kl 19:00 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Espen Langedal   
tysdag 13. juli 2010 17:31

Vi startar oppkøyringa til haustsesongen torsdag 15. juli med trening frå kl 19:00 - 20:30 på Naustdal Stadion. Det er berre tre veker til heimekampen mot Florø 2, ein kamp der vi verkeleg har noko å revansjere.

Treninga har blitt framskunda frå fredag til torsdag grunna bursdagsfeiringa til Villy som finn stad i Ospeteigen 20 på fredag! Guten fyller 22 år i dag (13. juli)! Vi gratulerer.

Sist oppdatert tysdag 13. juli 2010 17:53
Les meir…
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Side 2 av 13

Avstemming

Kva abonnement nyttar du for å sjå Premier League?
 

Sponsorar

Banner

TRENINGSTIDER AUGUST

Søndag 15.08
Kl 20:00 - 21:30 

Onsdag 18.08
Kl 20:00 - 21:30 AVLYST

Søndag 22.08
Kl 20:00 - 21:30 

Søndag 29.08
Kl 20:00 - 21:30 

FØRRE KAMP

Gaular 2 - Tambar 0-2

17. august

Naustdal Stadion

NESTE KAMP

Hyllestad

31. august

Kl 19:00

Hyllestad betong